Åtvaring mot falske fakturaer

Med jamne mellomrom mottek privatpersonar og firma i Noreg falske eller misvisande tilbod eller fakturaer frå inn- og utlandet knytte til sine varemerke og patent.


Fakturaene blir av mange forveksla med rettmessige krav om betaling for registrering av patentsøknader, eller registrering eller fornying av varemerke.

Desse fakturaene har ikkje nokon samanheng med betaling for rettar i Noreg eller andre stader. Det er berre Patentstyret og eventuelt fullmektigen din som kan krevje betaling for desse tenestene. 

Hos Patentstyret finn du ei liste over nokre av dei selskapa som har sendt ut falske eller misvisande krav eller tilbod om katalogoppføringar retta spesielt mot varemerke- og patentrettar.

Les heile pressemeldinga her.
Kilde: Pressemelding frå Patentstyret 19.04.2024

Åpne kontaktskjema